
Sunnmøre Strikkefestival vart arrangert for første gong i mars 2024.
Då samla festivalhelga fleire hundre besøkande på hotellet i Ulsteinvik.
I 2025 blei Sunnmøre Strikkefestival arrangert helga 14. – 16. mars.
Også denne gongen var Quality Hotel Ulstein arena for festivalen.
I 2026 blir det igjen festival. Datoane er 13.-15. mars- og igjen er hotellet i Ulsteinvik staden.
Bak festivalen står ein gjeng garnglade damer frå Herøy, Ulstein og Hareid.
Målet med festivalen er å samle menneske som er glade i strikking og hekling til eit koseleg treff
med handarbeid, prat, kurs, mat og underhaldning – og ikkje minst shopping hos dei mange utstillarane.
Du kan velje om du vil vere med heile helga, eller berre stikke innom i løpet av søndagen.

Festivalkomiteen
Siv-Marit Kaldhol
Torill Haddal
Linda Eikrem
Amalie Stette Olsen
Liv-Randi Djupvik Knotten
Mona Voldsund


